OVERSÆT DENNE SIDE - TRANSLATE THIS PAGE

Til Mik. Norske Jostein Budal om dyresprog. Undulater har (såsandelig) gehør, -men har de også en vis logik, båret af masser af toner, kun få "ord", ?

DYRELÆTE ELLER DYRESPRÅK?
Av Jostein Budal.
I "Le Monde" for 9. mai 2003 står det eit par interessante artiklar om eit emne som vert kalla " A la recherche des origines d’ "Homo Loquens", l’homme parlant." (På leiting etter opphavet til "homo loquens", det talande mennesket.) Dei spør korleis det kan ha seg at mennesket talar, men det gjer ikkje dyr. Har det til dømes med utforminga og plasseringa av taleorganet å gjera, eller ligg årsaka i genene?
Fyrst på syttitalet sette amerikanarane Phillip Lieberman og Edmund Crelin fram den teorien at dette hadde med utforminga og plasseringa av taleorganet å gjera. Sidan har denne teorien vorte sitert og bruka i lærebøkene. Det heiter at røystebanda ligg for høgt og svelgromet er for lite for tale hjå til dømes apar og spedborn - og slik var det óg hjå neandertalmennesket. Det var umogeleg for dei å uttala vokalane "i", "a" og "u".
Men no har Jean-Louis Heim ved Musée de l’Homme gjort etterlikningar av munn- og svelgområda både hjå dei aktuelle dyra og mennesket, og har kome til at forklåringa ikkje ligg der. Han har mælt høgda på røystebandsområdet, djupna på svelgromet, evna til å gapa og til å bruka lippene og tunga. Det finst ikkje noko der som forklårar at dyr ikkje kan tala. Det får sine fylgjer, for talen har vore knytt til utviklinga av sosiale grupper, laging av verkty og framvoksteren av kulturar – at den store skilnaden mellom dyr og menneske difor ligg i talen. Men med dei nye funna må granskarane leita etter nye årsaker til skilnadene, og har – i fylgje artiklane - hamna på genene. Og mellom dei har dei serleg festa seg ved eitt, FOXP2. I denne artikkelen ynskjer eg å fylgja deira eksempel og tenkja litt vidare på korleis samanhangen mellom mennesketale og "dyretale" kan vera. Dette gjer eg på grunnlag av dei granskingar eg sjølv har gjort om norsk som tonespråk. (Sjå nettsidene mine www.symmetritonespraak.no og boka mi "Fem tonar" – Unipub Forlag 2003.)
I eit tonespråk vert meiningar skapte ved hjelp av to faktorar: Språklydane (dei me skriv med bokstavar) og bruk av tonar i talen. Men for at så skal skje, må det vera orden i systemet. Korkje språklydar eller tonar kan brukast på måfå. Dei som talar eit tonespråk gjer seg såleis umedvete nytte av ein toneskala for tale. I musikk gjeld ein toneskala der tonane er fysisk definerte ved hjelp av tonesvingingar, og der dei einskildvis får namn (C –D –E –F –G –A –H -C). Ikkje slik i talen! I den brukar personane ulike absolutte tonar, men tonane står relativt sett i same tihøve til kvarandre hjå den einskilde, slik at kvar og ein talar med det toneleiet han er skapt med - utan å vera redd for å tala "falsk". Fysisk sett er tonane med andre ord ulike for mannen med bassrøyst og det vesle barnet, men relativt sett er dei like.
Når ein difor skal granska eit tonespråk, må ein fyrst av alt finna ut kor mange relative tonenivå det finst i taleskalaen for det språket. Og for å få dette til brukar ein ordpar der ein veit – eller trur å merka – at det er tonar som skaper meiningsskilnadene. Metoden er å samanlikna tone med tone. Eventuelt treng det ikkje berre vera tale om ordpar, men om triplettar, firlingar osb.. Me talar om at tonane i samband med slike fenomen har "distinktiv funksjon". Dersom eit språk til dømes har ei staving "li" som kan ha tre ulike meiningar som folk kan skilja frå kvarandre berre ved å høyra, er konklusjonen at det har ein taleskala med i det minste tre tonenivå. Eller at – dersom språket tydelegvis brukar glidetonar til å skilja meiningar frå kvarandre – må bruka ulike slag glidetonar for å få dette til. Skulle språket – slik som norsk – mest bruka fleirstavingsord, kan ordmelodiar som kan skildrast ved hjelp av ein taleskala, ha distinktiv funksjon (som til dømes i ordparet: skape(t) / skape).
Talet på tonenivå i eit tonespråk kan variera i tal frå språk til språk. Dei fleste språk i Afrika har to eller tre av dei, men det heiter at dei i Kina kan ha så mange som seks. Kenneth L. Pike, som har vore den store internasjonale eksperten på området, seier at det meste ein har funne er fire. Det som måtte vera meir enn det, meiner han er tonar av eit slag som eigenleg ikkje er leksikalske. Mange fleire språk enn dei som er skildra som tonespråk, må etter mi oppfatning vera det (mellom anna norsk), og nokre (D.M. Beach) meiner jamvel at alle språk eigenleg er det – sidan dei alle på ein eller annan måte brukar tonar i talen.
Sidan meiningsskapinga i eit tonespråk kjem til ved å kombinera desse to faktorane - språklydar (skrivne med bokstavar) + språktonar (oftast ikkje skrivne), kan ein stilla spursmålet: Let det seg gjera å tala berre ved å bruka tonar (altså utan å variera språklydfaktoren)? Og i så fall: Kan det tenkjast at dyra "talar" på den måten, og at det er det som skil menneskespråk frå dyrespråk? Om så er tilfelle har dyra ikkje berre læte meir eller mindre utan meining, men dei skaper språk ved hjelp av tonar. For eitt er visst: Dyr sender kvarandre meldingar ved hjelp av sine "læte", og stundom merkar me at meldingane deira er temmeleg presise!
Tanken slo meg ein dag eg gjekk tur med hunden min og kom framom ein hundegard. Då gjekk det opp for meg at hundane gøydde i tonar og i "morse". Det skjedde på fylgjande måtar: 1) Hundeglama kom gruppevis. Det kunne vera to eller tre eller fleire av dei i slengen. 2) Lengda varierte mest som i det gamle morsesystemet, ein lang, to stutte osb.. 3) Vidare kom dei i ulike tonenivå, ikkje som ein samanhangande og einstoning repetisjon. Det kunne til dømes vera to låge og ein høg, eller i andre variantar. 4) Inniblant kom det lydar av eit anna slag – som små skrik eller liknande.
Det var ei form for "tale" som iallfall for det som gjeld tonebruk, liknar på vår eigen. Vidare drog eg ei samanlikning med det trommespråket som vart bruka i Afrika. I det kan ikkje språklydar etterliknast, men derimot relative tonehøgder, lydlengder og talet på lydar i same gruppe. Med andre ord: Eit kombinert morse- og tonesystem som eignar seg godt for å senda meldingar til andre.
Etter å ha studert tonane i norsk, har eg kome til at ikkje den minste lyd (eller tone) er utan meining av eit eller anna slag. Og det at me brukar både språklydar og språktonar for å skapa tale, gjer at me kan uttrykkja oss svært nyansert. Alt av tankar, logikk og kjensler kan me få fram, ikkje berre det reint matnyttige og kroppslege. Men om no dyra berre var skapte for å ha "tale" for dette siste, ville dei ikkje ha bruk for alle våre nyansar. I så fall ville dei truleg kunna greia seg med ein tale utan faktoren språkllydar.
Sidan har eg høyrt etter dyrelæte (mest av fuglar) når eg har gått tur i skogen. Og eg kjem fram til same resultat. Reint overflatisk kan det høyrast ut som om fuglar repeterer den same melodien i det endelause, men slik er det ikkje. Dei kan setja tre tonar inn der dei førre gong bruka to, skifta mellom høge og låge tonar, mellom stutte og lange lydar. Kan henda det er slik dei overfører meiningar seg imellom.
Borna våre hadde undulatar, og ein gong hadde dei teke opp lætet deira på lydband. Då oppdaga me at den eine av dei sa namnet sitt "Gultopp" (og nokre andre ord) klårt og tydeleg, men det gjekk i ein rasande fart. Sameleis la me merke til at når han "kvitra" likna det på mennesketale, berre at det gjekk så fort. Han bruka heile melodiar i samanhangande "setningar". Hadde det heile gått litt seinare, kunne me ha fått inntrykk av eit menneske som sa noko. Det slo meg at han hadde lært å tala av oss, men i hovudsak bruka han den delen av talen vår som kom fram i tonar.
Men sidan han kunna seia namnet sitt, måtte han altså óg ha fått til å kombinera tonar med iallfall nokre språklydar. Taleorganet hans tillet altså i prinsippet vår form for tale. Han var berre ikkje skapt for dei lange tankerekkjene - på same måten som han nok hadde musklar og lemer til å greia å opna både luker og å utføra vanskelege arberidsoppgåver, han fekk det berre ikkje til.
Var det meining i det han sa eller dreiv han berre og herma eller gav uttrykk for livsglede? Uvisst å veta! Båe deler kan henda – som hjå oss menneske! Iallfall visste han at namnet hans var Gultopp.
Kan henda han i mange ting skjøna oss betre enn me skjøna han? Kan henda me stundom gav attendemeldingar som fekk han til å tru at me skjøna han? Eller kan henda me "tala" forbi kvarandre for di våre oppfatningar av kva som var viktig og ikkje i livet ikkje hadde noko skjeringspunkt? Men i alle fall burde vel sjølve språkmekanismane for dyr kunna studerast. Det kunne eit stykkje på veg læra oss litt om våre medskapningar, men nokon "dyrefilosofi" som går lenger enn til det matnyttige og kroppsnytiige, trur eg ikkje me finn.
Men dialektar finst det tydelegvis! Og om så er at både dyr og fuglar brukar "reine tonespråk", kunne det vel jamvel tenkjast at dei kunne skjøna kvarandre på tvert av artsgrensene. Det hender at me får inntrykk av at dei gjer det – slik som når fuglar varslar dyr om fårar.
Summary:
A theory presented by the Americans Phillip Lieberman and Edmund Crelin about 1970, forwarded that animals, babies and the Neanderthal human beings were not capable of speaking because of the placement of their larynx and their too small pharynx. Jean-Louis Heim at the Musée de l’homme in Paris has shown that this is not correct. Accordingly new theories of explanation must be serched for. One is that the reason might be a genetic one.
My approach is a different one. As animals evidently are capable of communication among themselves, and as tone languages – and probably all kinds of human speech - use both sounds (segments) and tones to produce meaning, animals might use just one of these factors, the tones, in their "languages". This might serve as a theory of further research on the matter.
Litteratur:
Pierre Le Hir: "A la recherche des origines d’ "Homo loquens", l’homme parlant. Le Monde 9/5 2003.
Hervé Morin: "La mutation du gêne FOX2 pourrait avoir engendré la parole". Le Monde 9/5 2003.
Kenneth L. Pike: Tone Languages, University of Michigan Press, 1961.
Jostein Budal: Fem tonar. Unipub forlag 2003. (Nettsider: www.symmetritonespraak.no .