Svar fra Jostein Budal i Norge

Lesja den 18/12 2006.

Otto Carlsen!
Eg har fått brevet ditt av 15/12 2006. I det nemner du at du óg har sendt meg eitt dagen før, altså den 14/12. Det har eg ikkje fått. Det er mogeleg at eg kan ha kome i skade for å sletta det. I så fall bed eg om orsaking.
Du sender meg óg opplysningar om nettsidene dine, og det takkar eg for. Vidare set eg sjølvsagt stor pris på at andre har opplyst deg om det eg har skrive om talemål. Det gjer du óg ser eg. Eg har sett litt på sidene dine og har nokre merknader:
- Til post 1: Innleiinga di er interessant, ikkje minst det du skriv om at Grønbech hevdar at talemelodien bærer meningen frem. Det er hovudsaka i det eg sjølv skriv. For nokre hundreår sidan har andre danskar – Høysgaard til dømes – skrive om same sak. Det var vel då ordet tonelag vart skapt: tonar i lag på lag.
- Så seier du at eg ikkje fyrst og fremst skriv med smukt sprog for øje. Det kan nok vera rett, på den andre sida må óg smukt spog respektera lovene for samanhangen mellom tonar og meining. Det let seg ikkje gjera å læra vakkert talemål ved å bryta desse lovene. Men det er ikkje tale om en tabt melodi. Telemelodien lever vidare som han alltid har gjort, og i hovudsak brukar nordmenn, svenskar og danskar han på same måten. Det eg har gjort er å freista å finna fram til systematikken i det heile.
- Til post 3: Sitat: ”Ifølge den klassiske logik er melodi og tone imidlertid uden betydning for meningen- - .” I dette tek den klassiske logikken feil. Dei mange ordpar (to ord som i skriftbilete eller i bruk av språklydar er like, men som ved hjelp av tonar eller melodi kan få fram to meiningar) próvar dette.
- Nytt sitat: ”-vi kan ikke ligefrem bevise at melodien i sproget spiller anden rolle end den æstetiske i dag.” Jau, dette kan próvast! Heile arbeidet mitt går ut på å gjera det. Eg legg fram døme på døme som syner samanhangen mellom tonar og meining. Rett nok er den drøftinga omfatande, men ikkje for omfattende. Har me fyrst funne fram til den toneskalaen som språket brukar, går det greitt.
- Nytt sitat: ”Men melodien i talen, der stammede fra sangen, hvor blev den af?” Eg vil helst meina at det er motsett, at det er melodien i talen som har vore mønster for melodien i song.
- Til post 4: Sitat: ”Hvorfor vælger du dit ”tonefald” med omhu når du taler?Hvorfor ejer en god snak sin egen harmoni?” Svar: For di språket er så fantastisk oppbygt at det har tonar både for leksikalsk meining og for intonasjon (som eg definerer som evna til å leggja kjensler som sorg, glede, irritasjon osb. - + personleg vinkling - inn i talen). Me har i alt tonar på fire plan i talen: 1) Leksikalsk tonebruk, 2) Intonasjonsbruk. 3) Skilja dialektar frå kvarandre ved hjelp av tonar. 4) Individuell klang i talen som gjer at me alltid veit kven me talar med. Og desse fire plana arbeider saman utan problem.
- Nytt sitat: ”Hvorfor er en god sang i det hele taget ”født” med melodi?” Svar: For di han har ein melodi som nærmar ein talemelodi som slår på visse strenger som grip oss. Det - + valet av dei rette ord – gjer utslaget.
- Til post 10: Sitat: ”- - -i logikken findes særskilte ord uten toner. Men ikke i talen. De har alle ord toner og alle toner ord.” Dei siste to setningane i sitatet er eg heilt samd i. Men eg finn det ikkje logisk at logikken kan seia at serskilde ord kan vera utan tonar. For at ord i det heile skal kunna høyrast, må dei ha tone.
- Men elles er denne læra om at stavingar og ord kan vera utan tonar – eller at dei kan hopa seg opp, vera flytande og liknande – er nokså utbreidd i moderne skandinavisk lingvistikk. Dette finn eg ikkje logisk.
- Nytt sitat: ”- - -i februar 2006 troede vi at takten var afgørende, og efter læsningen af Vilhelm Grønbech’s ””sprogets Musikk (1943) ændrede vi denne antagelse at det var melodien der var afgørende (for smukt sprog).” Dersom det med takt her vert tenkt på det som i lingvistikken ofte verta tala om som trykkets plassering – atså trykk – er eg heilt samd i at tonar må vurderast for seg, trykk for seg, og meining er knytt til tonane. Ei samanblanding av dei to faktorane fører ikkje fram.


Eg ser at du legg stor vekt på å skilja mellom gehør og logikk. Til det vil eg gjerne leggja til at sidan alle, store som små, kloke som dumme, brukar språktonane rett – også dei som seier om seg sjølve at dei ikkje har gehør – vil eg tru at denne form for gehør er medfødd for oss alle. Den grammatikalske logikken som får oss til å konstruera setningane våre rett, er óg til stades hjå alle innfødde.

Sidan boka mi ”Fem tonar” er vanskeleg å få tak i, skal eg senda deg eit eksemplar.

Med helsing!
Jostein Budal.

DS. Sjå óg nettsidene mine http://www.symmetritonespraak.no/ .