Brev fra Jostein Budal Til Otto Carlsen 12/1, 2007 om Vilhelm Grønbech: "Sprogets Musik", "han er en "ordkunstnar med stor sans for vakkert språk"

Lesja den 12/1 2007.

Gode Otto Carlsen!

Takk for boka av Vilhelm Grønbech om Spogets Musikk. Emnet interesserer meg som du nok kan skjøna, difor har eg lese henne med stor interesse.
Lat meg fyrst seia at eg trur Vilhelm Grønbbech må vera ein svært språkkunnig mann. Eg er ingen kjennar av dansk språk, men eg får eit inntrykk av han som ordkunstnar med stor sans for vakkert språk.
Når det gjeld den språkmusikk som tittelen ber bod om, er eg ikkje usamd i det syn han ber fram om dette, men det ligg på eit litt anna plan enn det eg har omtala. Hans syn om dette synest å gå langt utanom grensene for berre taletonar og omfatar kroppsspråk og gester, og – om eg ikkje har mistydd han - val av ord og byggjing av setningar. Eg er heller ikkje viss på om han oppfatar bruken av taletonar som så lovbunden som eg gjer.
Hovudsaka er likevel at han har oppdaga musikken i talemålet. Alt i fyrste avsnittet siterer han ein diktar som trur at det han skriv kan syngjast slik at melodien bevæger sig inden for en skala på fire-fem toner. Det stemmer med det eg sjølv har funne fram til, og det Høysgaard hevda alt på midten av syttanhundradtalet.
Han går óg eit steg vidare når han på side 56 seier at Lydens værdi for meningen kan man se, uden at man behøver at søge hjælp hos nogen teori; men da vil man lige så tydeligt iagttage meningens indvirkning på lyden. Med lyd tenkjer – så vidt eg kan skjøna – Grønbech helst på dei lydar som vert symboliserte ved hjelp av bokstavar, men han snertar og innom tonane når han på side 59 seier om orda at hvem som helst kan digte dem op til nye toner efter sin erfaring gennom de sætninger han svøber om dem. Det er eit sentralt emne i det eg skriv om – at både lydar og tonar skaper meiningar i ord, dei gjer det saman, og dei må begge vera til stades for at rett meining skal koma fram. Av det fylgjer at tonebruk i språket ikkje kan vera vilkårleg. Skal eg og den eg talar til skjøna kvarandre, må me leggja det same i både dei lydar og dei tonar me brukar.
Det vil ikkje seia det same som at me ikkje er frie til å forma vår eigen tale! For på minst to måtar er systemet så fantasktisk fint oppbygt at det tillet ei enorm og individuell vinkling av det sagde.
1) Det symmetriske tonesystemet som gjer at me kan tala både med overtonar og undertonar, og at me ved hjelp av tonesprang jamvel kan kombinera dei to.
2) Kjensletoningar som gjera at me kan leggja inn sorg, glede, skepsis og kva det måtte vera i tillegg til dei reine meiningsytringane og meiningsvinklingane.
Men bryta med tonesystemet – den relative taletoneskalaen – kan me ikkje, - det ville vera anarki. Så fantastisk er systemet at eg trur det må vera eit prinsipp for tonebruk i alle menneskespråk, at det med andre ord er genetisk styrd. Men denne genetikken gjeld eit prinsipp, ikkje kva lydar kvart einskild språk vil bruka, eller kor mange tonar det har i sin taleskala.
Lat meg slutta av med eit sitat frå side 174: tale er melodi.

Med helsing!
Jostein Budal. 2665 Lesja.