Syv punkter fra Jostein Budal i anledning af hans og mine breve før nytår, et held jeg lige nu studerer hans teori i hans bog "Fem Tonar". For svar.

Det her citerede brev indeholder en række pointer som jeg hurtigst vil svare på, men det rigtigste vil vist være at læse lidt mere først i Budals hovedværk

Lesja den 2/1 2007.
Kjære Otto Carlsen!
Takk for dine svarbrev og dine reaksjonar på det eg skreiv! I brev av 29/12 2006 bed du om løyve til offentleggjering på nettsidene dine, og det gjev eg med glede.
Så var det eit par ting eg gjerne vil gjera merksam på:
1.
Du siterer frå eit føredrag som du seier er frå MONS 10 i Bergen. Bergen er feil. Det skal vera Kristiansand. Møtet i Bergen var MONS 11. Der hadde eg óg eit innlegg. Begge innlegga er medtekne på nettsidene mine www.symmetritonespraak.no , under rubrikken "Heimesider om tonar". Ein av dei andre artiklane der er óg inspirert frå MONS 11, det er den som heiter Alle språk er tonespråk.
På desse heimesidene har eg óg offentleggjort ei svensk omsetjing av innlegget frå Kristiansand.
2.
Så ser eg at den norske nemninga tonelag valdar problem. Det gjer det visst óg for svenskane, på svensk vart omgrepet omsett med tonlager. Men så vidt eg kan finna ut, var dansken Høysgaard den som fyrst bruka det. Han tala i 1743 om tonlelav eller tonehold. Om dette alt var kjende uttrykk frå hans tid, veit eg ikkje. Så vidt eg minnest –det er alt ei tid sidan eg hadde boka hans i hende – tala han óg om fem slike lav (på norsk lag). Det ville i så fall stemma godt med dei fem tonelag eg har funne fram til sjølv. På den andre sida greier heller ikkje eg heilt å fylgja hans argumentasjon og próvføring. Eg skjønar difor godt at lingvistar i tida etter han har hatt problem med å skjøna han. Men – som eg tek fram i artikkelen min – har han nokre heilt klåre døme på bruk av tonelav i dansk.
3.
Omgrepet tonelag får deg til å tenkja på toneleie. Det er mogeleg at spesialistar ikkje godtek det eg no skriv, men for meg er toneleie ein medfødd eigenskap. Det syner seg ved at nokre har djupe mannsrøyster andre har ljose barnerøyster, noko som ikkje hindrar at alle kan bruka dei same relative språktonane. Tonelag har derimot med sjølve talespråket å gjera. Individ med ulikt stemmeleie kan med andre ord bruka dei same relative taletonane.
4.
Eg er klår over at ein ved hjelp av vilje og muskelbruk kan endra og tilpassa eit toneleie – når me til dømes skal syngja ein viss song eller spela ei viss rolle på teatret – men sjølve samtalen er ein stor kakofoni.der kvar og ein brukar taletonane slik han er skapt til å skulla gjera det.
5.
Den naturlege tolkinga av eit ord som tonelag, vil endå i dag vera tonar i lag på lag, men lingvistikken av i dag brukar det helst i meininga ordpar. Han talar om våre to tonelag og meiner at to og to ord ord som er like i skrift kan få ulike meiningar ved hjelp av tonar. Det har gjort talordet to for viktig. Det er heile tida tale om to tonar (høgtonen H og lågtonen L) og to aksentar eller "tonelag" (aksent 1 og 2). Dersom talet to er feil –og det har eg funne at det er – kan ein ikkje finna fram til den relative taletoneskala som me treng for å kunna analysera tonebruken i tale.
6.
Heller ikkje nemninga ordpar er nok. Me kan faktisk ha både triplettar, firlingar og femlingar. Eg har gjeve mange døme på at eit og same ordet - eller heller: ordgruppe med same bruk av bokstavar - ved hjelp av melodiar kan skapa minst fem meiningar. Desse melodiane kan difor førast inn som tonemønster for fleirstavingsord og brukast til å klassifisera ord ette kva mønster dei brukar.
7.
Ein annan ting kan eg tenkja meg å kommentera: Sitat: "Ord har bostaver, ikke toner i den logiske diciplin som Aristoteles grundlagde." Dette er sikkert rett, men det må vera for di dei som skapte skriftmålet ikkje visste – eller valde å sjå bort frå – at talemålet har to likeverdige sider: lydsida (bokstavane) og tonesida (som berre unntaksvis vert skriven). Men tonane kan skrivast om dei berre vert systematiserte nok til å kunna plasserast i skala for relative taletonar. Grunnen til me kan endra meiningsinnghaldet i ein setning berre ved å endra tonemønsteret i han, er at me kan stokka om på tonane i han.
Med helsing!
Jostein Budal,
Adresse: 2665 Lesja,